Mo og Øyrane vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Vaksenopplæring/Helsearbeidarfag

Helsearbeidarfag

Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr skuleåret 2016/ 2017 fagutdanning i Helsearbeidarfag og Barne- og ungdomsarbeidarfag for vaksne.

Inntakskrav for studiet er fylte 25 år og kompetanse på Vg1 HO. Dersom du ikkje har godkjend Vg1 HO, vil du kunne bli vurdert i høve individuelt tilpassa opplæringsløp.

Oppstart

På første samling avtalar ein om ein skal leggje opp undervisinga som klasseromundervisning eller i kombinasjon med fjernundervisning. Samlingar vert haldne i skulen sine lokalitetar på Øyrane.
Ved studiestart får ein utdelt brukarnamn og passord, samt opplæring i bruk av dataprogrammet Fronter.
Læremiddel, pc (utlånsavtale) og reiseutgifter er gratis.

Innhald og organisering

Studiet inneheld programfaga Kommunikasjon og samhandling, Helsefremjande arbeid, Yrkesutøving og Prosjekt til fordjuping.
Studiet vil som hovudregel bli organisert med undervisningstid frå kl. 08.20 – 15.10 på virkedagar ein eller fleire dagar per månad. Ein må pårekne ein god del tid til sjølvstudium og oppgåveløysing.
Innleveringsoppgåver, testoppgåver og eventuelt prøvar dannar grunnlag for standpunkt-karakter og framovermelding. Innleveringsoppgåver er i hovudsak knytt til fagstoff som vert gjennomgått. Oppgåvene vert lagde ut i Fronter med innleveringsfrist. Lærarane som underviser på samlingane har ansvar for å legge ut oppgåver og gjere vurderingar i høve til standpunktkarakter.
Praksiskandidatar skal ikkje ha standpunktkarakter.
I tillegg til Fronter, føregår kommunikasjon mellom studentane og den einskilde lærar i faget gjennom e-post og telefon.
Når samlingane er lagde til Øyrane, vil ein kunne kjøpe mat og drikke til rimeleg pris i kantina. 

Kontakt

 

 

Koordinator for vaksenopplæring

Svein Morten Søreide
svein.morten.soreide@sfj.no
​tlf 57637307 / 41530905

Wiken, Harald Olav.jpg

Avdelingsleiar helse- og oppvekstfag

Harald Olav Wiken
harald.wiken@sfj.no

57 63 74 19 / 412 66 172

Relaterte lenker

Nærare informasjon om opplæringa og søknad til kurs finn du på Opplæringsavdelinga sfj.no