Mo og Øyrane vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Helsetenesta

Til deg som treng råd om helse og livet sine utfordringar

Mo og Øyrane vidaregåande skule har eigne kontor for helsesjukepleiar (helsesøster). Helsesjukepleiar samarbeider tett med skulen om ulike problem i skulekvardagen. I tillegg har ho kontakt mot helsestasjon, skulelege og skulepsykolog.  Har du ting som du treng hjelp til? BRUK HO!

Skulehelsetenesta ønskjer å vere med å gi  tilbod som kan fremme god helse og trivsel for elevane. Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved anna felles opplegg ved skulen. Helsesjukepleiar (helsesøster) formidlar kontakt til skulelegen. Helsesjukepleiar er også behjelpeleg med å formidle kontakt med psykolog, psykiatriteneste, barne og ungdomspsykiatrien (BUP). Skulehelsetenesta kan gje deg råd og rettleiing om alt som har med helse å gjere. Helsesjukepleiar og skulelege har teieplikt.      

Generelle helsespørsmål kan være

  • Kosthald
  • Samliv og seksualitet
  • Prevensjon
  • Kjønnssjukdomar
  • Abortspørsmål
  • Rusmiddel
  • Vonde kjensler og tankar
  • Psykiske problem som for eksempel spiseforstyrringar, sjølvskading
  • Graviditetstest
  • Ein vaksen å prate med

Kontakt

Helsesjukepleiar

Kari H. Hugøy
Kari H. Hugøy

Anita Løkkebø

Mo

K106

  • Kari H. Hugøy

 

Kontortid:

Øyrane

A306 - 3.etg A-blokka

  • Anita Løkkebø

 

Kontortid:

Helsestasjon for ungdom

Førde rådhus, Hafstadvegen 42, 3. etasje

  • Tysdag:  15.00–17.00
  • inga timebestilling, berre møt opp!
  • Gratis!