Lånekassen 1024x768

Informasjon frå lånekassa

Elevar som har skoleplass kan søkje om støtte no

Elevar som har fått skoleplass og takka ja til den, kan søkje om støtte no. Dei fleste elevar i vidaregåande skole får tilbod om skoleplass i juli. Lærlingar kan søkje når dei har fått godkjent lærekontrakt.

Elevar som står på venteliste kan søkje 1. august
Elever som ikkje kom inn på førsteinntaket må vente med å søkje til 1. august, og helst til dei er sikre på kva for skole dei skal gå på. Då slepp dei å søkje på nytt dersom dei ombestemmer seg. Om ein elev sender inn fleire søknader, kan saksbehandlingstida bli lengre.

Her finn de informasjon som vi ønskjer at de vidareformidlar til elevane

Endringar i forskriftene
Her finn de dei viktigaste endringane i Lånekassens forskrifter for 2017-2018

 

Vennleg helsing

Lånekassen