Øyrane 1024x384

Informasjon om bruk av midlertidige lokale for TIF og BA skuleåret 2021-2022

Her finn du informasjon om midlertidige lokale for TIF (Teknikk og Industrifag) og BA (Bygg og Anleggsteknikk) for skuleåret 2021-2022.

Klassane på Vg1 TIF, Vg2 Industriteknologi og VO Industriteknologi skal dette skuleåret ha all  undervisning, med unntak av kroppsøving, i lokale på Verftet på Ytre Øyrane med adresse Øyrane 12. Det blir sett opp buss om morgon og ettermiddag frå/ til hovudskulen og Førde rutebilstasjon. Dei midlertidige lokala på Verftet har ny, god standard og består mellom anna av klasserom, garderobar, verkstadar og kantine/ pauseområde.

Grå og blå bygning med bilar
Inngang / fasade Øyrane 12

 

Klassen Vg2 Køyretøy skal ha det meste av sin undervisning i lokale i Flovegen 2, også på Ytre Øyrane. Elevane går til/ frå lokala frå riksveg 5 langs nordsida av Øyranevegen. Lokalet i Flovegen består mellom anna av verkstad, klasserom og garderobe. Nokre av fellesfaga for klassen er lagt til hovuskule på Øyrane. Kroppsøving er i Førdehuset (busstransport)

kvit og blå bygning
Flovegen 2

Klassane i Vg1 bygg og anleggsteknikk og Vg2 byggteknikk skal ha sin teoriundervisning i midlertidige klasserom på Mo og Øyrane vgs, Naustdalsvegen 12. Også garderobar er lagt til modulbygg. Praktisk opplæring skjer i verkstader på skuleområdet og ute i prosjekt.

grå bygning med gul stripe
Modulbygg ved Mo og Øyrane vgs, Naustdalsvegen 12