kringom

Informasjon om skuleskyss i samband med opning av skulane 27. april

I samband med opning av skulane for 1.-4. klasse (grunnskulen) og yrkesfag VG2 og VG3 (vidaregåande skule) måndag 27. april, vil vi kome med viktig informasjon om skuleskyssen som vil bli utført frå og med same dag.

Veileder om smittevern for ungdomsskule og vidaregåande skule under covid-19 utbrotet 2020 inneheld følgjande føringar for transport og skuleskyss:
  • Bruk av offentlig transport til og frå skulen avgrensast der det er mogeleg.
  • Skuleturar som medfører tett samling av elevar i store grupper og på offentlige transportmiddel bør ikkje gjennomførast.
  • Ved bruk av offentlig transport, bør elevane holde avstand til andre.
  • Ved bruk av skuleskyss, bør elevane sitte på anna kvar plass i bussen. For eksempel kan det på ein buss med fire sitteplassar per rad, sitte to ungdommar per rad med alternerande sitteplass vindauge/midtgang. Elevane må holde minst ein meter avstand medan dei ventar på bussen. Ofte rørte flater i bussen (til dømes handtak eller lignande) bør gjerast reint daglig.
  • Elevar må vaske hender når dei kjem til skulen og tilbake til heimen.
Vi vil samtidig vise til smitteveiledaren sin føring om å avgrense offentlig transport til og frå skulen så mykje som mogeleg, for at avstandsbehova skal kunne bli tekne i vare. Dette vil også gjelde skuleskyss med buss og med drosje. 
 
Skyss/Kringom vil følgje opp eventuelle kapasitetsutfordringar på skuleskyssen i oppstarten, og sette i verk nødvendige tiltak der det er høve for det.

Skuleskyss med drosje

For skuleskyss utført med drosje har Skyss/Kringom utarbeida følgjande retningslinjer fom 27. april:
  • Det vert lagt til rette for avstand mellom elevane, slik at det ikkje vert samkjørt meir enn to elevar i vanlig drosje, med mindre det er snakk om elevar frå same husstand. For maxitaxi/minibuss vert det lagt til rette for avstand mellom elevane. 
  • Ofte rørte flater skal gjerast reine mellom kvar tur.
  • Elevane blir oppfordra til å holde avstand til sjåføren, og utøve forsvarlig handhygiene. Elevar som er sjuk eller har sjukdomssymptom skal ikkje nytte seg av skuleskyss.
  • Elevane må belage seg på at hentetider er cirka-tider, og at det vil kunne forekome forseinkingar. Elevane må også belage seg på å bli levert på skulen/henta på skulen tidligere/seinare enn normalt.
På grunn av at vi ønskjer å avgrense tal elevar som vert samkjørde i drosje, vil det kunne bli kapasitetsutfordringar for skuleskyss utført med drosje. Dersom det er elevar som normalt har skuleskyss utført med drosje, men som ikkje har behov for drosje den første perioden fom 27. april, er det viktig at skuleskyss får informasjon om dette så raskt som mogeleg. Slik kan vi sikre at vi har nok kapasitet til å frakte dei elevane som har behov for skuleskyss med drosje. 
 
Ta kontakt om noko er uklart.
 
Med helsing
Eva Synnøve Solhaug Fosshagen
seniorrådgjevar
Skuleskyss – avdeling Transporttilbud
 
Skyss/Kringom | Postboks 7900 | 5020 Bergen
Tel. 57 63 80 67
skyss.no | skyss.no/skoleskyss 
kringom.no | kringom.no/skuleskyss