Ungdom som hoppar i solnedgang

Foto: Pixabay.com

Informasjon til føresette og ungdommar om ungdataundersøkinga i Sunnfjord kommune 2021

I 2021 blir ungdataundersøkinga gjennomført i Sunnfjord kommune blant elevar i den vidaregåande skulen. For at undersøkinga skal gje eit godt bilete av situasjonen i Sunnfjord kommune, er det viktig at så mange som mogleg deltek. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 5 til 7.

korus bergen logo   ungdata logo   Nyheit ny logo Vestland fylkeskommune

http://www.ungdata.no/info-film/

FØREMÅLET MED UNDERSØKINGA
• Gje ungdommar som går på vidaregåande skule ei moglegheit til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i  lokalmiljøet.
• Skaffe ny kunnskap om ungdommen sine oppvekstvilkår til bruk i kommunen og fylket sitt arbeid med denne aldersgruppa.
• Gjere det mogleg å samanlikne med andre kommunar og nasjonale tal, og bidra til forsking.

KVA VI SPØR OM I UNGDATA?
• Forhold til skulen, venner og foreldre
• Fritid og fritidsaktivitetar
• Helse, trivsel og livskvalitet
• Mobbing
• Seksualitet
• Regelbrot, vald og rusmiddelbruk
• Utdanningsnivået, den økonomiske situasjonen, landbakgrunnen og busituasjonen til foreldra.

Du kan få tilsendt det fullstendige spørjeskjemaet ved å kontakte regionalt kompetansesenter på rusfeltet (KoRus).

KORLEIS BLIR UNGDATA GJENNOMFØRT?
• Det er sett av éin skuletime til å svare på undersøkinga.
• Undersøkinga blir gjennomført elektronisk ved at ein loggar seg inn på svarsida til Ungdata med ein tilfeldig eingongskode.

DET ER FRIVILLIG Å DELTA
• Undersøkinga er frivillig.
• Dei som svarer, kan hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på, og kan slutte å svare undervegs, dersom dei ønskjer det.
• Føresette kan reservere seg mot at barna deira skal delta ved å gje melding til kontaktlæraren/skulen.

OM PERSONVERN
• Deltakarane sine svar vil bli behandla konfidensielt. Det vil seie at berre forskarar og rådgjevarar i prosjektet og firmaet som registrerer dei elektroniske svara, vil få tilgang til svara.
• Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att nokon som har svart når resultata frå undersøkinga blir offentleggjorde.
• Forskingsdata som inneheld moglege indirekte personopplysningar, vil bli oppbevarte på eit sikkert område fram til utgangen av 2025. Etter det vil alle opplysningane bli anonymiserte.
• Ungdataundersøkinga er godkjend av personvernombodet ved OsloMet (personverombudet@oslomet.no).
• Datasettet vil ikkje innehalde direkte personopplysningar, og det vil difor heller ikkje vere mogleg å få ein deltakar sine data retta eller sletta i etterkant av undersøkinga.
• NOVA behandlar opplysningane basert på samtykke frå deltakarane.

BEREDSKAP
Skulehelsetenesta vil ha beredskap etter undersøkinga for elevar som måtte trenge det.

ANSVARLIG FOR UNDERSØKELSEN

Undersøkinga blir gjennomført av Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet 
– storbyuniversitetet og KoRus vest Bergen, på oppdrag fra Vestland fylkeskommune

KONTAKTINFORMASJON

ungdatakoordinator

Mie Dahl Pind
rådgjevar
Tlf 45 11 82 31
mie.dah.pind@vlfk.no

Kontaktperson ved KoRus;
Kristian Hartveit
spesialrådgjevar, KoRus vest Bergen
Tlf 99 22 58 88
hatrkr@helse-bergen.no