
Kombinasjonsklassen
Innføringstilbodet kombinasjonsklassen er eit frivillig tilbod for ungdommar i alderen 16-20 år med kort butid i Noreg.
Elevane har ulik skulebakgrunn, og kan få inntak etter ulike vilkår:
- Elevar som ikkje har skulebakgrunn frå heimlandet som svarar til norsk grunnskule, dvs. minimun 9 år med opplæring.
- Elevar som har avslutta ordinær grunnskule i Noreg, men som på grunn av kort bu tid treng meir opplæring.
- Elevar som kan dokumentere minimum 9 år grunnskule frå heimlandet, men som ønskjer/treng eit betre grunnlag før inntak til vidaregåande skule.
Kommunane må kartlegge språkferdigheitene til søkjaren. Elevar som er på eit A2-nivå i norsk bør oppmodast til å søkje kombinasjonsklassen, medan elevar på lågare nivå må få meir norskopplæring i regi av kommunane. Søknadsfristen for inntak til kombinasjonsklassen er 1. mars.
Elevane får undervisning på ein vidaregåande skule etter læreplan for grunnskulen. Dei går opp til grunnskuleeksamen. I kvar gruppe er det 12 elevplassar. Tilbodet vil ikkje kome i gang om det er færre enn 5 elevar som har rette til inntak til kombinasjonsklassen. Ein føl skuleruta og tilbodet er eitt-årig. Det er 30 timar på skulen pr. veke.
Elevane får dokumentasjon på grunnskuleopplæring med karakter, og kan på lik linje med andre elevar konkurrere med karakterpoeng i inntaket til vidaregåande opplæring.
Opplæringa er eit samarbeid mellom Førde kommune og Mo og Øyrane vidaregåande skule.