Erasmus Finland mai 2016

Internasjonalt møte i Kannus - Finland

I perioden 18. til 21.april 2015 var det internasjonal samling i Kannus - Finland. Representantar frå dei fire landa Litauen, Finland, Tyskland og Norge, som jobbar med Erasmus+ prosjektet ERASMUS +/KA2 – No.2014-1LT01-KA202-000507 som omhandlar modulbasert opplæring i naturbruk, hadde fortsettande samarbeidssamtaler der dei fire landa skulle fulløre sine fagmoduler. Det vart diskutert framdrift, utfordringar og forventningar til prosjektet og det vart påpekt nokre feil i delar av dei modulane som var ferdig. Nokre av landa fekk tilbakemelding om at deira modular no skulle fullførast etter same mal som Litauen brukte. I tillegg ble det påpekt at samlege modular måtte kvar nasjon også omsette til sitt eige språk. Fristen for dette arbeidet vart satt til 10.mai. Det vart satt av tid til å starte dette arbeidet på samlinga i Finland.

Dei finske vertane hadde laga eit fagleg opplegg der deltakarane fekk sjå skulens område, besøkt eit skogsprosjekt som skulen har ansvaret for, samt besøkt ei landbruksentreprenør som drev med maskinreperasjon og leigekøyring innan jordarbeid/kultivering. Denne entreprenøren  hadde sjølv eit «lite» bruk i Finland. På spørsmål om størrelse svarte han 350 hektar dyrka mark. Dette fortel litt om størrelse og forskjellar til vestlandske gardsbruk. (Ps! Kor mange mål er 350 hektar? )

Neste og avsluttande samling vert i slutten av mai 2016 i Litauen. Etter det er det start for å prøve prosjektet ut på elevar og utveksling over landegrenser.

 

Ronny Nymark Johannessen

Faglærar naturforvaltning og naturbasert aktivitet

Mo og Øyrane vgs

 

Bilde 1: Verkstedhallen på landbruksskulen i Kannus

Bilde 2: Verkstedhallen på landbruksskulen i Kannus

Bilde 3:Entreprenør besøk.

Bilde 4: Emma ble liten vedsiden av denne J

Bilde 5: Jarle prøver seg i skogsmaskin med kyndig lærar på finsk J