Mo og Øyrane vidaregåande skule/Elev og føresett/Praktisk informasjon/Plass å bu/Internatet

Internatet

Treng du ein koseleg plass å bu i løpet av skuleåret, er internatet på Mo ein ypparleg plass.

Her er det 80 plassar. På internatet er det 3 etg, der jenter og gutar bur i kvar sin etg. Du får 4 måltid for dagen, frå frukost måndag til og med middag fredag. Måltida vert serverte i kantina.

Det er kjøkken i kvar etg, og desse blir flittig brukt i helgane og på kveldstid. Det er og fellesområde med biljardbord, treningsrom og badstove. Her er peisestove med tv og parabol. I kjellaren er der vaskemaskiner og tørkerom.

Det er tilsett eiga internatvakt som er til stades om kvelden og om natta for å å ha tilsyn med internatet. Ho arrangerer og ein del sosiale arrangement på internatet.

Skal du gå på skulestad Øyrane går det skulebuss både morgon og ettermiddag, og er du heimehøyrande i Sogn og Fjordane får du frikort på bussen.

For skuleåret 2018/2019 er leiga på internatet 5400,- i månaden. Dette inkluderer straum og internett. 

Er du interessert i å bu på internatet? Ta kontakt.

57 63 73 00
post.moy@sfj.no

Ordensreglar for internatet