pokal og diplom brukt i kokkekamp 2021

Kokkekamp 2021

Kokkekamp 2021 vart halde på Mo og Øyrane vgs den 24.03

Kokkekamp er eit samarbeidsprosjekt mellom Stiftelsen Rekruttering til restaurant- og matfag, NKL Sogn og Fjordane, Opplæringskontoret for hotell og matfag og Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling restaurant- og matfag.
Deltakarane er niandeklasse ved Vassenden, Viksdalen, Naustdal og Sande Ungdomsskole. Elevane har jobba med ei matlagingsoppgåve der dei skulle lage kvardagsmiddag/festmåltid til ungdom med laks som hovudingrediens og ein dessert som er typisk for fylket vårt. Dekke eit bord til 4 personer. Et lag frå kvar skule kjempa om finaleplassen på kokkekamp i Førde i dag. Gratulerer til Naustdal Skule som tok 1 plass😀🧑‍🍳Veldig godt jobba av alle laga🧑‍🍳🧑‍🍳🧑‍🍳🧑‍🍳Takk for hjelpa til dommarar frå NKL Tiril Korneliussen, Bodil Fjellestad, Trond Er. Kolstad og Katrine Åsnes Gjesdal. Takk til opplæringskontor Hotell-og Matfag ved John Ove og rektor Liv Horvei ved Mo og Øyrane vgs.
rektor Liv Horvei og personar i kvite kokkeklede middag og dessert middag og dessert personar i kvite kokkeklede, ungdom i t-skjorter med kokkekamplogo i ei trapp kokk sammen med ungdom i raude t-skjorter