Mo og Øyrane vidaregåande skule/Elev og føresett/Reglar og rutinar/Fråvær/Kontakt skulen ved fråvær

Kontaktprosedyre ved sjukdomsrelatert fåvær frå vidaregåande opplæring

Slik kontaktar du ved sjukdom: 

Gjeld for elevar og føresette. Unntak: Ved alvorleg sjukdom, brot og sårskadar skal ein oppsøke lege same dag, og gi melding til skulen

Rutina gjeld for elevar som har fastlege i Førde, Naustdal, Jølster og Gaular: 

  • Eleven skal sjølv ringe legesenteret og melde frå om sjukdom til legesekretær/sjukepleiar som tek telefonen (tlf 57 72 21 50)
  • Legesekretær/sjukepleiar spør eleven om tilstanden
  • Er det medisinsk grunnlag for legetime, får eleven legetime same dag. Då kan erklæring bli skriven ut som ein del av konsultasjonen. 
  • Er det medisinsk grunnlag for fråvær, men ikkje for legetime, vert årsaken til fråværet journalført. 
  • Eleven vert ført opp i timeboka til fastlege, med merknad "attest". Legen sjekkar notat i løpet av dagen. Om legen finn grunn for å ta inn eleven til legetime eller få meir informasjon, vert eleven kontakta av fastlege (medisinsk årsak, høgt fråvær eller andre årsaker). 
  • Er det ikkje medisinsk grunnlag for fråværet, er det ikkje grunnlag for legeerklæring.
  • Om fråværet strekker seg over fleire dagar, må eleven ringe legesenteret og informere om fråværet kvar dag​ fråværet gjeld og det vert ført i journal

Ser eleven mot slutten av semesteret at det er behov for legeerklæring for å dokumentere fråvær, må eleven bestille legetime for dette hos sin fastlege. Fastlegen skriv då ei samla legeerklæring for det fråværet som tidlegare er dokumentert i eleven sin journal. Ikkje-dokumentert fråvær og fråvær utan medisinsk årsak kan det ikkje skrivast legeerklæring for. 

I situasjonar der eleven vert sjuk i løpet av ein skuledag og må gå heim, kan eleven som tidlegare ta kontakt med helsesøster ved skulen for ei vurdering. Helsesøster kan då skrive helseerklæring for dokumentasjonen av fråværet den dagen. Om det ikkje er helsesøster på skulen den gjeldande dagen, må eleven ta kontakt med legekontoret. 

I nokre tilfelle kan vurdering av helsetilstand/dokumentasjon/meldast over telefon:

  • elevar som er kronikarar kan melde inn fråværet pr telefon. Det krevst legeattest for skuleåret ved kronisk sjukdom. .

Fråvær dokumentert av andre skal meldast kontaktlærar same dag.

Elevar som skal skaffe seg dokumentasjon på sjukdomsfråvær frå primærhelsetenesta i heimkommunen / fastlege eller frå spesialhelsetenesta skal melde sjukdomsfråvær som vanleg til skulen/kontaktlærar.