MO 1024x768

Kvalitetspris til Mo

Med 100% av lamma som stjernelam, vart Mo og Øyrane vgs. tildelt kvalitetsprisen frå Nortura Førde. Rolf Atle Haukeland, som er driftsleiar i husdyravdelingane på Mo, er svært godt nøgd med å få beste resultat på ROS-analysen i Nortura. Lamma, som vart levert til Nortura i 2015, hadde eit gjennomsnitt på over 25 kg i slaktevekt. Gjennomsnittet for heile landet ligg i underkant av 20 kg. Haukeland seier at mange sauebønder i området hadde gode resultat for sauene dette året, men å gå heilt til topps var både overraskande og gledeleg. Det er svært stimulerande å få så god tilbakemelding på jobben ein gjer, seier Rolf Atle Haukeland.