Mo og Øyrane vidaregåande skule/Elev og føresett/IKT og ressursar/Låne-PC

Låne-PC

Ordninga med låne-PC er meint for elevar som har kjøpt PC gjennom ATEA (tilbodet dei får når dei byrja på VG1).

  • Elevar som har kjøpt PC gjennom ATEA og har levert denne inn til reparasjon, kan om dei ynskjer det få låne PC frå skulen heilt til dei får att si eiga maskin.
  • Elevar som låner PC er ansvarlege for å halde maskina oppdatert. Det inneber blant anna å køyre Windows Update når PC-en ber om å installere oppdateringer osv.
  • Ved retur av låne-PC er elevane sjølve ansvarlege for å slette alt innhald som dei har lasta ned/produsert/lagra på maskina.
  • Det er ikkje tillatt å installere programvare som ikkje er relevant for skulearbeid på datamaskina. (T.d. spel, Spotify, Popcorn Time, torrentklienter osv.)
  • Elevane som låner PC skal informere resepsjonen og/eller IT-avdelinga med ein gong dersom det er noko feil med den lånte PC-en, eller om det er skade på denne.

Når du ikkje har kjøpt gjennom ATEA

Elevar som ikkje nytta seg av tilbodet om å kjøpe PC gjennom ATEA ved skulestart, får i utgangspunktet ikkje låne PC frå skulen. Eleven er sjølv ansvarleg for å alltid ha datamaskin til undervisning.

Det kan likevel gjerast unntak. Eleven kan låne PC til spesifikke formål (prøve, innlevering og liknande) i ein tidsavgrensa periode (t.d. 1–3 dager). Ved særskilte behov (og når vi har mange låne-PC-ar på lager) kan utlånstida utvidast til maksimum 14 dagar.

Grunnen til dette er at vi skal hovudsakleg ha PC-ar tilgjengelege til elevar som har maskina si inne til reperasjon hjå ATEA.
 

Tips ein ven Skriv ut