laanekassen

Lånekassen (oppdatering)

Regjeringa har lagt fram forslag til tiltak gjennom Lånekassen:
  • Lånekassen utbetaler resten av studiestøtta for semesteret i april.
  • Studentar som har mista inntekt kan søkje om å få eit tilleggslån på 26 000 kroner. Søknaden opnar i mai.

Oppdatering:

Mange studentar og elevar har mista inntekt frå deltidsjobbar som følgje av koronasituasjonen. Lånekassen jobbar med tiltak for å hjelpe elevar og studentar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Regjeringa har lagt fram forslag til tiltak gjennom Lånekassen:
  • Lånekassen utbetaler resten av studiestøtta for semesteret i april.
  • Studentar som har mista inntekt kan søkje om å få eit tilleggslån på 26000 kroner. Søknaden opnar i mai.

Les meir om tiltaka her

Ved spørsmål ta kontakt med rådgjevarne (Jan William Midtbø, Inger Helen Savland Røyseth eller Jostein Skår Støfring)

Utvidet søknadsfrist og endring av rapporteringsregler for våren 2020

Elevar og studentar får utvida moglegheit til å søkje om lån og stipend, i tillegg blir reglane for rapportering av fråvær og avbrot for heile vårsemesteret 2020 endra.
På grunn av koronasituasjonen har Kunnskapsdepartementet bestemt at elevar og studentar får moglegheit til å søkje om lån og stipend fram til 15. april. Fristen for å søkje var opphavleg 15. mars, men søknaden opnar etter planen igjen tysdag 24. mars.
Den utvida søknadsfristen gjeld både studentar i høgare utdanning og elevar i andre utdanningar, som ikkje har søkt om støtte innan 15. mars, eller ikkje har søkt om fullt lån og stipend for vårsemesteret. Dei som allereie får fullt lån og stipend, kan ikkje få meir og skal derfor ikkje søkje.

Ved spørsmål ta kontakt med rådgjevarne.

Med vennleg helsing
Lånekassen