kvit hovudbygning og driftsbygningar på Mo

Ledig stilling som Avdelingsleiar for Naturbruk

Mo og Øyrane vgs har ledig stilling som avdelingsleiar for Naturbruk frå desember 2020. Søknadsfrist 5.10

Det er ledig stilling som avdelingsleiar for Naturbruk frå 1. desember 2020.

Stillinga har delt personal- og budsjettansvar for avdelinga og skulegarden og kan bli tillagt noko undervisning.   Skulen er i ein utviklingsprosess med komande samanslåing av dei vidaregåande skulane i Førde. Som ein av skule sitt leiarteam vil avdelingsleiar for Naturbruk bidra i denne prosessen. Avdelingsleiar rapporterer direkte til rektor.

Oppgåver og ansvar:

- Leie avdelinga og ha personalansvar for pedagogane og tilsette på skulegarden

- Utvikle skulen  i samsvar med fagfornyinga som startar hausten 2020 

- Stimulere til fagleg-pedagogisk samarbeid og utvikling

- Utvikle og følgje opp planar og styringsdokument

- Følgje opp elevane sitt læringsmiljø og resultat

- Budsjettstyring og økonomiansvar

- Samarbeid med eksterne partar 

Kvalifikasjonar

- Relevant yrkesutdanning eller høgare fagutdanning frå høgskule eller universitet

- Praktisk pedagogisk utdanning

- Undervisningserfaring, gjerne frå vidareågande skule

- God skriftleg og munnleg framstillingsevne

- Relevant arbeidserfaring og gjerne leiarerfaring

- Gode IKT-kunnskapar 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

- Har kompetanse til å drive prosessar og få medarbeidar engasjert i desse

- Har evner til å kommunisere, rettleie og motivere

- Er ein tydeleg leiar med vilje og evne til god pedagogisk leiing

- Kan arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre

- Er systematisk, nøyaktig og løysingsorientert

- Er utviklingsorientert med god gjennomføringsevne

 

Meir informasjon om stillinga, samt søknadsskjema finn du på Vestland fylkeskommune sine heimesider

Spørsmål om stillinga kan rettast til: 

Liv Horvei, rektor. Liv.horvei@vlfk.no. Mob.nr. 415 08 357

Ole Johan Norddal, avdelingsleiar NA. ole.johan.norddal@vlfk.no  Tlf. 57 63 71 53/952 44 041