Ledig stilling som Avdelingsleiar for Naturbruk
Det er ledig fast stilling som avdelingsleiar for Naturbruk frå 1.januar. Søknadsfrist 22. november.
Stillinga har delt personal- og budsjettansvar for avdelinga og skulegarden og kan bli tillagt noko undervisning.
Skulen er i ein utviklingsprosess med komande samanslåing av dei vidaregåande skulane i Førde. Som medlem i skulen sitt leiarteam vil avdelingsleiar for Naturbruk bidra i denne prosessen. Avdelingsleiar rapporterer direkte til rektor.
Arbeidsoppgåver:
- Leie avdelinga og ha personalansvar for pedagogane og tilsette på skulegarden
- Utvikle skulen i samsvar med fagfornyinga
- Stimulere til fagleg-pedagogisk samarbeid og utvikling
- Utvikle og følgje opp planar og styringsdokument
- Følgje opp elevane sitt læringsmiljø og resultat
- Budsjettstyring og økonomiansvar
- Samarbeid med eksterne partar
Kvalifikasjonar
- Relevant yrkesutdanning eller høgare fagutdanning frå høgskule eller universitet
- Praktisk pedagogisk utdanning
- Undervisningserfaring, gjerne frå vidaregåande skule
- God skrifteleg og munnleg framstillingsevne
- Relevant arbeidserfaring og gjerne leiarerfaring
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Har kompetanse til å driva prosessar og få medarbeidarar engasjert i desse
- Har evner til å kommunisere, rettleie og motivere
- Er ein tydeleg leiar med vilje og evne til god pedagogisk leiing
- Kan arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre
- Er systematisk, nøyanktig og løysingsorientert
- Er utviklingsorientert med god gjennomføringsevne
Meir informasjon om stillinga, samt søknadsskjema finn du på Vestland Fylkeskommune sine heimesider
Spørsmål om stillinga rettast til:
Mats Bryne, prosjektrektor: mats.bryne@vlfk.no, tlf. 909 51 737
Liv Horvei, rektor: liv.horvei@vlfk.no, tlf. 415 08 357
Ole-Johann Norddal, avdelingsleiar NA: ole.johan.norddal@vlfk.no, tlf. 57 63 71 52 / 952 44 041