MO 1024x768

Ledig stilling som avdelingsleiar Naturbruk

Det er ledig stilling som avdelingsleiar for Naturbruk frå 1.august 2018.

Oppgåver og ansvar
Det er ledig stilling som avdelingsleiar for Naturbruk frå 1. august 2018. Stillinga har delt personal- og budsjettansvar for avdelinga og skulegarden, i tillegg til noko undervisning.

Avdelingsleiar skal:

  • Sikre god drift av skulegarden og dei enkelte klassane i samarbeid med driftspersonale, kontaktlærarar og faglærarar. 
  • I lag med sine medarbeidarar kunne omsetje skulen sine utviklingsmål i praktisk handling 

Avdelingsleiaren er ein del av skulen si leiargruppe som er samansett av rektor, administrativ leiar, pedagogisk leiar og fem avdelingsleiarar.

Kvalifikasjonar
Me søkje sivilagronom med husdyrfagleg og pedagogisk utdanning. Leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ei føremon.

Vi ynskjer ein person som:

  • framstår som ein motiverande og samlande leiar for avdelinga og samtidig setje krav til den enkelte medarbeidar 
  • evne til å arbeide ryddig og strukturert 
  • kunne leia i samsvar med sentrale og lokale målsetingar 
  • personleg eigenskapar vil bli vektlagt 

For stillinga gjeld

  • Løn etter gjeldande regulativ 
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår 
  • Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 6 månaders prøvetid 

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.sfj.no under Ledige stillingar.

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju. Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

Søknadsfrist: 2. mai 2018