Mo og Øyrane vidaregåande skule
flyfoto 1024x384

Ledig stilling som avdelingsleiar Naturbruk

Frå 01.09.19 har skulen ledig stilling som avdelingsleiar for naturbruk. Søknadsfrist 25.mai

Oppgåver og ansvar

Avdelingsleiar skal:

  • sikre god drift av skulegarden og dei enkelte klassane i samarbeid med driftspersonale, kontaktlærarar og faglærarar.
  • i lag med sine medarbeidarar kunne omsetje skulen sine utviklingsmål i praktisk handling.
  • Stillinga har delt personal- og budsjettansvar for avdelinga og skulegarden, i tillegg til noko undervisning.
  • Avdelingsleiaren er ein del av skulen si leiargruppe som er samansett av rektor, administrativ leiar, pedagogisk leiar og fem avdelingsleiarar

Kvalifikasjonar

  • landbruksfagleg utdanning på høgskulenivå
  • pedagogisk utdanning
  • leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ei føremon.

Vi ynskjer ein person som:

  • framstår som ein motiverande og samlande leiar for avdelinga og samtidig setje krav til den enkelte medarbeidar har evne til å arbeide ryddig og strukturert
  • kan leia i samsvar med sentrale og lokale målsetingar

Personleg eigenskapar vil bli vektlagt

Du finn meir om stillinga og søknadsskjema på Sogn og Fjordane si heimeside

Tips ein ven Skriv ut