UPH

Ledig stilling som lærar fellesfag - Norsk/spesped

Mo og Øyrane vgs har ledig stilling som lærar i fellesfag - Norsk/spesped. Søknadsfrist 25.1

Arbeidsoppgåver

Vi har ledig 100% stilling som lærar i fellesfag, med hovudvekt på faga norsk og spesialpedagogikk.

- Undervisninga er av elevar i alder 12-18 år som er innlagt i sosiale og medisinske institusjonar. 

- Tilpassa opplæring/undervisning etter den enkelte elev sine behov.

- Oppfølging og rettleiing av elevar

- Det er lagt opp til samarbeid med heimeskulen til eleven og dei ulike institusjonane. 

 

Kvalifikasjonar

- Høgare utdanning med primært faga norsk og spes.ped.

- Pedagogisk utdanning

- Gode samarbeidsevner

- Relevant fagbakgrunn og erfaring

- Erfaring frå undervisning av elevar frå 12-18 år er ein fordel

Personlege eigenskapar
Søkar må ha gode samarbeidsevner då ein må samarbeide tett med kollega om undervisning og elevar. Ein må ha evne til å skape tillit og ha god relasjon med elevane. Må være løysingsorientert og kunne arbeide sjølvstendig og strukturert. Søkar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Stor endringsvilje i høve timeplan då dette er ein akuttinstitusjon.
 
 
Spørsmål om stillinga rettast til Anne Chatrine Vindedal, avdelingsleiar UPH: epost: anne.chatrine.vindedal@vlfk.no , tlf. 913 94 957.