bølgja-adm

Ledig stilling som lærling i Byggdriftarfaget

Sogn og Fjordane fylkeskommune, bygg og eigedomstenesta har 2 ledige stillingar som lærling i Byggdriftarfaget. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune, bygge- og eigedomstenesta, har ledig stilling for to lærlingar i byggdriftarfaget frå august 2018. Ei stilling i Førde og ei i Sogndal. 

Du er ein person som likar eit hektisk arbeidsmiljø, tek initiativ, søkjer informasjon og likar utfordrande arbeidsoppgåver. Vi kan tilby deg variert og allsidig opplæring og praksis i samsvar med læreplanen for faget. 

Arbeidsstokken i fylkeskommunen skal spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetjing, og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. 

Krav til stillinga
Bestått Vg1 i Bygg- og anleggsteknikk. Det er også mogeleg å søkje om du har bestått Vg1 og Vg2 i anna studieretning, til dømes elektrofag. 

Andre kvalifikasjonar vi vektlegg:

  • Serviceinnstilling, samarbeidsevne og god kommunikasjon 
  • Motivert og engasjert 
  • God IKT-kunnskap
  • Systematisk og nøyaktig 
  • Evner til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre 
  • Vilje til å stå på 

Vi tilbyr:

  • Løn etter gjeldande tariffavtale for lærlingar 
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i høve læreplanen 
  • Stimulerande og godt arbeidsmiljø 

Arbeidsstad: Førde/Sogndal 

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem i Opplæringskontoret for BYGG- og Anleggsteknikk (Byggopp) 

Her finn du annonsen på Fylkeskommunen sine heimesider
På heimesida vår: www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.

Nærmare opplysingar får du hjå driftsleiar i Sunnfjord Jan Ove Gjermundstad (tlf. 415 30 900) eller hjå driftsleiar i Sogn Kåre Stokkenes (tlf. 957 83 165) 

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. 

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. 

Søknadsfrist. 13. mai 2018