IKT svartkvit

Ledig stilling som lærling

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ledig stilling som lærling i IKT 


IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune skal ta inn IKT lærlingar.

Ynskjer du ein spanande lærestad i faga IKT-servicefag eller dataelektronikar? Då kan vi tilby læreplass hjå IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi har til ei kvar tid ca. 15 lærlingar i staben. I år skal vi ta inn inntil 9 nye lærlingar.

Dei ni lærling-plassane vert tildelt på følgjande lokasjonar:

  • Årdal vidaregåande skule, Øvre Årdal 
  • Sogndal vidaregåande skule, Sogndal 
  • Høyanger vidaregåande skule, Høyanger 
  • Dale vidaregåande skule, Dale 
  • Firda vidaregåande skule, Sandane 
  • Stryn vidaregåande skule, Stryn 
  • Måløy vidaregåande skule, Måløy 
  • Hafstad/ Mo og Øyrane vidaregåande skule, Førde 
  • Fylkeshuset, Leikanger


Oppstart vert medio august 2018.

Les meir om stillinga på fylkeskommunen sine nettsider