Mo og Øyrane vidaregåande skule
Bilete av skulebygg Mo og Øyrane

Bilete av skulebygg Mo og Øyrane

Ledig stilling som rådgjevar - Vaksenopplæring og kurs

Mo og Øyrane vgs har ledig stilling som rådgjevar innan vaksenopplæring og kurs. søknadsfrist 21.02

Arbeidsoppgåver

Det er ledig heil, fast stilling som rådgjevar for vaksenopplæring og kurs. Ein hovudvekt av stillinga vil vere innanfor marknadsføring og organisering av vaksenagronomutdanninga og kursa som ligg til skuleavdelinga på Mo. I tillegg vil det vere oppgåver knytt til koordinering, rådgjeving og anna oppfølging av vaksenopplæringa som blir organisert frå dei andre skulelokasjonane.

Arbeidsoppgåver:                                                                                                           
-         Organisere, marknadsføre, og kvalitetssikre vaksenagronomutdanninga og kursa ved Mo kurssenter
-         Søkje om støtte til dei ulike kursa og følgje opp økonomien i prosjekta
-         Rådgjeving knytt til kursaktivitet og vaksenopplæring på Mo
-         Utvikling av tilboda i samarbeid med næraste leiar og andre samarbeidspartnarar
-         Koordinering, rådgjeving og anna oppfølging av vaksenopplæringa og kurs på Hafstad og Øyrane
-         Andre administrative oppgåver

Kvalifikasjonar
-         Relevant kompetanse på bachelornivå eller meir innanfor område som administrasjon, marknadsføring, økonomi
-         God IKT- kompetanse
-         Eigenarten til stillinga krev stor grad av sjølvstende, fleksibilitet og mobilitet
-         Det er ein fordel med landbruksfaglig kompetanse
-         Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
-         Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og serviceinnstilling blir særleg vektlagt
 
 
 Spørsmål om stillinga kan rettast til Inger Karin Oppedal, pedagogisk leiar/ ass. rektor: inger.karin.oppedal@vlfk.no Telefon  415 30 876.
                                 Mats Bryne, prosjektrektor: mats.bryne@vlfk.no. Telefon 90951737