DJI_0004

Ledig stilling

Mo og Øyrane vgs har ledig stilling som reinhaldar. søknadsfrist 4.september.

Om arbeidsgiver:

Midt i Sogn og Fjordane i Førde kommune ligg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt, ein skulestad for naturbrukutdanning på Mo og ein skulestad for yrkesfag på Øyrane i Førde sentrum. Totalt har skulen om lag 185 tilsette og 480 elevar fordelt på 38 grupper. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Service og samferdsle, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk og industriell produksjon og Naturbruk. I tillegg har skulen pedagogisk ansvar ved ulike sosiale og medisinske institusjonar i Førde og ansvar for Oppfølgingstenesta i Indre Sunnfjord.

Om stillingen:

Vikariat som reinhaldar

Skulen har ledig eit vikariat som reinhaldar i inntil 100% frå snarast og til 31. juli 2018. Søkjarar med fagbrev i reinhaldsyrket blir prioriterte. Søkjarar som ikkje har fagbrev, men erfaring og praksis frå reinhaldsyrket blir også oppmoda om å søkje.

Personen vi søkjer må ha gode samarbeidsevner og løysingsorientert for å nå felles mål. Kunne jobbe i team, men også vere sjølvstendig og jobbe åleine. Vere serviceinnstilt og ha god kommunikasjon med andre i reinhaldsteamet og andre tilsette på skulen.

Spørsmål om stillinga kan rettast til adm.leiar Paul Lemvik på 415 30 915.

For stillinga gjeld

  • Løn etter tariff
  • Vanlige fylkeskommunale tilsettingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Pensjons- og forsikringsordningar
  • 6 md. prøvetid. - Krav om politiattest
  • Atterhald om overtalig i Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Søknadsskjema finn du på moy.vgs.no eller på sfj.no fylkeskommunen si heimeside. Kopi av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju.

Søknadsfrist: 4. september 2017