DJI_0013

Ledig stillingar

Mo og Øyrane har to ledige stillingar: Miljøfagarbeider på TIP/Elektro og Faglærar ved Elektro. Søknadsfrist 10. september

Miljøfagarbeidar elektrofag/TIP

Vi har ledig 40 % stilling som miljøfagarbeider, med moglegheit for utviding, for skuleåret 2017-2018. Vi ynskjer primært søkjarar med fagbrev innan elektrofaga/TIP. Du vil vere med i planlegging, gjennomføring og deltaking av ulike læringsaktivitetar ved elektro og TIP. Som miljøfagarbeidar er du med oppfølging med praktiske og teoretiske øvingar for enkeltelevar eller mindre grupper.

Faglærar Elektrofag

Vi har ledig ei stilling som faglærar med undervisningskompetanse for vg3 Elektrikarfaget i skuleåret 2017-2018. Vi søker ein person med fagbrev som Elektrikar med praksis innan fagområdet. Du må kunne undervise både i teori og praksis og får ansvar for oppfølging av elevar i bedrift. Det er ønskjeleg med erfaring frå Elskulen. Du bør ha gode datakunnskapar og du må kunne ta ansvar og jobbe sjølvstendig.

For stillingane gjeld

  • Løn etter tariff
  • Vanlige fylkeskommunale tilsettingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Pensjons- og forsikringsordningar
  • 6 md. prøvetid
  • Krav om politiattest
  • Atterhald om overtalig i Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Opplysing om stillinga får ein ved å ringe avdelingsleiar Reidun Kristiansen, tlf. 916 94 011. Kopi av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju.

Søknadsfrist: 10. september 2017 

Søknadsskjema finn du på moy.vgs.no eller på  fylkeskommunen si heimeside sfj.no -. Kopi av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju.