Mo og Øyrane vidaregåande skule
elektrisitet

Ledig undervisningsstilling Elektro- og datateknologi

Mo og Øyrane vgs har ledig undervisningsstilling på elektro- og datateknologi, med hovudfokus datateknologi og elektronikk. Søknadsfrist 02.01.2022

Arbeidsoppgåver
  • Undervisning i praksis og teori på elektro og datateknologi med hovedfokus på datateknologi og elektronikk
  • Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga
  • oppfølging gjennom vurdering og rettleiing av elevar
  • Det skal leggast til rette for at elevane i dei ulike klassetrinna kan bestå faget med best mogleg resultat etter sine føresetnader. Undervisninga skal tilpassast den enkelte elev ut frå sitt meistringsnivå
  • Det må leggast opptil samarbeid med dei andre lærarane som underviser i klassane
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev innan elektrofag med fokus på data
  • Høgare utdanning innan elektrofag (Bachleor eller tilsvarande) med fokus på data
  • Datateknisk kompetanse
  • Praktisk erfaring og utdanning innan fleire felt i elektrofaga
  • Gode tekniske og faglege ferdigheiter
  • kunne beherske IT og relevant programvare
  • Pedagogisk utdanning (PPU eller yrkesfaglærarutdanning) for fast tilsetjing
Personlege eigenskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Fagleg pedagogisk oppdatert
  • Evne til å setje seg klart definerte mål for undervisninga
  • Evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning
  • Evne til å samarbeide og dele

Spørsmål om stillinga rettast til avdelingsleiar Reidun Kristiansen, tlf 91694011, epost: reidun.kristiansen@vlfk.no

Meir om stillinga, samt søknadsskjema finn du på Vestland fylkeskommune sine heimesider