Mo og Øyrane vidaregåande skule
ingressbilete helse 1024x384

Ledig undervisningsstilling i Helse- og oppvekstfag

Mo og Øyrane vgs har ledig fast undervisningsstilling på Helse og oppvekst frå 1.august Søknadsfrist 14.mai

  • Vi har to ledige stillingar på Helse- og oppvekstfag der ei 100% stilling gjeld undervisning med hovudvekt på vg2 Barne- og ungdomsarbeider. Den andre stillinga er inntil 50% stilling med hovudvekt på helsefag

 

Arbeidsoppgåver:
  • Undervisning i programfag på vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfaget
  • Undervisning i programfag på vg1 Helse og oppvekstfag
  • Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga
  • Oppfølging gjennom vurdering og rettleiing av elevar
  • Det må leggast opp til samarbeid med dei andre lærarane som underviser i klassane
  • Noko av undervisninga vil kunne føregå i forbindelse med vaksenopplæring.
Kvalifikasjonar
  • Høgare utdanning i fagområdet det skal undervisast i 
  • Fagbrev i fagområdet det skal undervisast i
  • Relevant praksis i fagområdet
  • Gode tekniske og faglege ferdigheiter
  • Kunne beherske IT og relevant programvare
  • Pedagogisk utdanning for fast tilsetjing
Personlege eigenskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Fagleg og pedagogisk oppdatert
  • Evne å setje seg klart definerte mål for undervisninga
  • Evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning
  • Evne til å samarbeide og å dele

Meir informasjon om stillingane samt søknadsskjema finn du på Vestland fylkeskommune sine heimesider

 

spørsmål om stillinga kan rettast til:

Reidun Kristiansen
Avdelingsleiar HO, EL og SS
reidun.kristiansen@vlfk.no
tlf 91694011