yrkessjåførfaget

Ledig undervisningsstilling Transport og Logistikk

Mo og Øyrane vgs har ledig undervisningsstilling innan fagområdet Transport og Logistikk frå og med 1.1.21. Søknadsfrist 07.10

Arbeidsoppgåver

- Undervisning i praksis og teori innan fagområdet Transport og Logistikk
- Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga.
- Oppfølging gjennom vurdering og rettleiing av elevar.
- Undervisninga skal tilpassast den enkelte elev ut i frå sitt meistringsnivå.
- Det må leggast opp til samarbeid med dei andre lærarane som underviser i klassane

Kvalifikasjonar
 - Høgare utdanning innan faga Transport og Logistikk(Fagskule eller tilsvarande)

- Fagbrev innan yrkessjåfør og evt. logistikkmedarbeidar – kandidatar med begge fagbrev vert å føretrekke.
- Gode tekniske og faglege ferdigheiter
- Kunne beherske IT og relevant programvare
- Pedagogisk utdanning (PPU/PPY) for fast tilsetjing

Personlege eigenskapar

- God munnleg og skriftleg framstillingsevne 
- Fagleg og pedagogisk oppdatert 
- Evne til å setje klart definerte mål for undervisninga 
- Evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning 
- Evne til å samarbeide og dele

 

Meir om stillinga, samt søknadsskjema finn du på Vestland fylkeskommune sine heimesider

spørsmål om stillinga kan rettast til 

Reidun Kristiansen
avdelingsleiar Service og samferdsle
reidun.kristiansen@vlfk.no
tlf 91694011