MO 1024x768

Ledig undervisningsstilling

Mo og Øyrane vidaregåande skule har ledig undervisningsstilling ved Naturbruk

Ledig undervisningsstilling

Mo og Øyrane vidaregåande skule har frå 16. oktober 2017 til 31. desember 2017 ledig ca. 50 % vikariat med undervisning i tekniske fag og planteproduksjon.

Undervisninga er lagt til VG1, VG2 og VG3-nivå. Det er mogeleg at vikariatet kan verte forlenga ut skuleåret, dvs til 31.07.18. Til det ledige vikariatet kan det verte lagt funksjon som kontaktlærar på VG2-nivå.

Tilsetjing skjer i samsvar med lover, forskrifter og regelverk for kommunal sektor. Arbeidsavtale vert inngått etter at det er lagt fram tilfredsstillande politiattest, jfr. Opplæringslova §10 – 9, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Det gjeld 6 md. prøvetid, jf Tilsetjingsreglementet § 8 pkt 8.2.

Nærare opplysningar om vikariatet kan ein få ved å kontakte ass.rektor Trygve Jacobsen 415 30 730, eller faglærar Kjell Klopstad, tlf 480 95 279.

Søknad vedlagd godkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast elektronisk via www.sfj.no eller pr post til Mo og Øyrane v.g.skule, Mo, 6819 Førde innan 12. september 2017.