Mo og Øyrane vidaregåande skule
bygg 1024x768

Ledig undervisningstilling i Bygg og anleggsteknikk - Vikariat

Mo og Øyrane vgs har ledig vikariat som lærar innan Bygg og anleggsteknikk. søknadsfrist 16.02.

Arbeidsoppgåver
Undervisning i praksis og teori på VG1 Bygg og anleggsteknikk og VG2 Byggteknikk  
Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga.
Oppfølging, vurdering og rettleiing av elevar.
Det skal leggast til rette for at elevane skal bestå faget med best mogleg resultat etter sine føresetnader. Opplæringa skal tilpassast den enkelte elev ut i frå sitt meistringsnivå.
Det må leggast opp til samarbeid med lærar og støttepersonar som samla har ansvar for oppfølging av elevane.
Opplæringa vil gå føre seg i ein kombinasjon av praksis/teori
Bidra til at elevane får prøvd seg ut i praksis i bedrift
Kvalifikasjonar

-       Fagbrev og praksis innan eit eller fleire byggfag
-       Høgare utdanning innan byggfag  
-       Praktisk erfaring og utdanning innan fleire av bygg og anleggsfaga er ein fordel
-       Røynsle frå undervisning innan byggfag 
-       Røynsle frå tilrettelagt opplæring 
-       Gode tekniske og faglege ferdigheiter 
-       Kunne beherske IT og relevant programvare 
-       Pedagogisk utdanning (PPU/PPY) for fast tilsetjing
-       God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 

Personlege eigenskapar

-      Søkararar til stillinga må ha gode samarbeidsevne.
-      Søkarane må ha evna til å skape tillit og ha god relasjon med elevar.
-      Som lærar må ein vere løysingsorient,sjølvstendig og strukturert.
-      Gode datatekniske kunnskapar.
-      Lojal i forholdet mellom elev, kollegaer og arbeidsgjevar.    

 

Meir informasjon om stillinga, samt søknadsskjema finn du på Vestland fylkeskommune sine heimesider

Spørsmål  om stillinga kan rettast til: Ivar Johan Aarberg. Epost: ivar.johan.aarberg@vlfk.no. Tlf: 41530914