Mo og Øyrane vidaregåande skule
korona

Midlertidig unntak for fråværsgrense

Det midlertidige unntaket for fråværsgrense vil gjelde ut skuleåret 2020-2021

Unntak frå regelverket når det gjeld fråvær vil gjelde ut skuleåret 2020-2021. Det vil sei at elevane ikkje treng å dokumenterer fråvær av helseårsakar ved attest frå lege eller anna sakkunnig. Men for alle elevar under 18 år må fråvær stadfestast frå føresette. Elevar over 18 år må levere eigenmelding. Utan stadfesting frå føresette eller eigenmelding, skal det førast fråvær.