Mo og Øyrane vidaregåande skule/Elev og føresett/Reglar og rutinar/Mobbing

Mobbing

Du har rett til å ha det bra og vere trygg på skulen.

Det betyr til dømes at du har rett til vern mot alle former for krenking, mobbing eller diskriminering. Det er nulltoleranse mot mobbing ved skulen.

Det er ikkje lov å plage andre. Elevane sine rettar er heimla i opplæringslova § 9A.

Blir du mobba eller ikkje har det bra?

Vi som jobbar på Mo og Øyrane vgs, miljøkoordinator, helsesøster, lærarane dine og andre tilsette på skulen, er her for å hjelpe deg. Alle ynskjer at du skal ha det godt og trygt på skulen.

Vi bryr oss om deg, og vi er glade for å jobbe sammen med deg.

Anonym hjelp

Det finst også stedar der du kan få anonym hjelp:

  • ungdomstelefonen.no - Her kan du snakke med andre unge om kjønn, seksualitet og identitet.
  • stopphatprat.no - Dette er ein kampanje mot hatprat. På nettsida kan du lære meir og få tips til å svare hatprat.
  • korspahalsen.no - Her kan du ringe, maile eller chatte om ting du har på hjertet.
  • snakkommobbing.no - Her kan du chatte med ein fagperson om mobbing.
  • politiet.no - Kontakt politiet sjølv om du er i tvil om saka er alvorleg nok. Politiet vil vurdere om ytringa er i strid med lova. I nokre tilfelle kan politiet tilby hjelp som gjer at du kjenner deg tryggare.
  • politiets nettpatrulje - Kripos på Facebook -  Sida er driven av ei gruppe frå Kripos som svarar på det du lurer på, og som har politiarbeid på internett som spesialfelt.
  • slettmeg.no - Sida gir råd og rettleiing for deg som føler deg krenka på nett. Dei hjelper deg med å slette informasjon om og bilder av deg som er lagt ut på nettet.

For foreldrene

Utdanningsdirektoratet har eigne sider om mobbing.

Her finn du informasjon til barn, unge og foreldre, både om mobbing og rettar.