Komheimatt_gut_illustrasjonsfoto_big_Foto Mariell Øyre

Monologmusikal i skulesekken

Fredag 18. november skal elevane i 3. klasse sjå stykket «Kom heimatt, gut» i teatersalen i Førdehuset, kl. 13.00.

Fredrik Høstaker (Førde) og Jostein Avdem Fretland (Lærdal) er på turné med Den kulturelle skulesekken til alle vidaregåande skular i fylket. Med monologmusikalen «Kom heimatt, gut» kjem dei tilbake til heimfylket med eit teaterstykker der eit sentralt spørsmål er om det er mogleg å leve av draumen på bygda.

Vi møter ein ung musikar som legg ut på ein siste tur til heimstaden sin. Han skal ta farvel med bygda og den døyande faren. Vêrfast aleine i barndomsheimen blir han påminna om fortida si og
kvifor han ville satse på musikken. Kan ein leve av draumen på bygda? Det er eitt av dei sentrale
spørsmåla som guten stiller seg i denne monologmusikalen. Med nyskrivne songar og tekstar blir publikum dratt med inn i guten sitt avgjerande vendepunkt i livet.

Vel møtt til framsyning!

 

For meir informasjon
Guro Høyvik
rådgjevar ved nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
415 30 608 (993 65 299)
guro.hoyvik@sfj.no