Likar du natur og dyr er naturbruk vegen å gå! Moglegheitene vidare er mange og du vil på mange måtar få eit anleis studie. Det er lagt inn mykje praksis og ulike aktivitetar i studiet.
Ved Mo og Øyrane vgs på Mo kan du ta naturbruk (agronomutdanning eller hestefag) og studieførebuande naturbruk. I tillegg kan du ta Vg2 anleggsteknikk.
Svært mange yrke i arbeidslivet vil verdsette den praktiske utdanninga ein får på Mo. Du vil sjølv også erfare at du får ei allsidig og god ballast i yrkesutdanninga di, enten du vel å avslutte skulegangen etter Mo eller du vil studere vidare.
Når du går Vg3 Landbruk får du yrkeskompetanse.
Vg3 studieførebuande naturbruk gjev generell studiekompetanse.
Kompetanse og erfaring frå naturbruk kan knytast indirekte inn i ei rekke yrkesområde.
Du kan
Du får
Ved å gå anleggsteknikk kan du bl.a. bli
På Vg1 og Vg2 naturbruk kan du fordjupe deg i ulike fag. Du lærer om
På Mo er elevane frå mange stader i fylket. Mange vel å bu på skulen sitt internat. Her får du frukost, lunsj, middag og kveldsmat. I tillegg har du tilgang på eit eige elevkjøken.
Peisestova.
Skulen har fellesareal med TV-rom, peisestove og treningsrom.
Stabburet med driftsbygningen i bakgrunnen.
Mo har eit unikt miljø for deg som vil dyrke interessa for dyr og gardsdrift. Skulen har ein forholdsvis ny fjøs til ku, sau, gris og fjørfe. På garden blir det dyrka potet, grønsaker og blomar. Grønsakene og blomane blir selde i eige gartneriutsal. Mo har 3000 dekar utmarksareal som er eigna for jakt, fiske og friluftsliv.
Frå ungdomscampen
I tillegg har skulen et foredlingsanlegg for kjøt og fisk som blir brukt i undervisninga.
Undervisninga er praktisk retta med deltaking i ulike aktivitetar gjennom året.
Bruk av motorsag.
Opplæring i traktorkøyring er ein del av undervisninga.
Øvelseskøyring med Hermund Solheim.
I tillegg er det utflukter og ekskursjonar.
Utflukt til Bødalen i Nordfjord.
Er du spesielt interessert i hest, har du mogelegheit å kombinere ei utdanning med hobbyen din. Skulen har stallplass slik at du kan ha med deg eigen hest. Det er tilgang på ridebane, travbane og ridehall. Etter to år på Mo har du mogelegheit til å gå ut som lærling i hest og hovslagarfaget.
Tidlegare lærling Trine Lillestøl Paulsen.
Dersom du vil vite meir om naturbruk kan du kontakte skulen, tlf.: 57 63 73 00.
Det går fint an å ta eit besøk, og sjå kva vi driv med!