Mo og Øyrane vidaregåande skule
Sommerjobb_vlfk

No lyser Vestland fylkeskommune ut 100 sommarjobbar

Er du over 16 år og på jakt etter arbeid i sommar? Vestland fylkeskommune har no inntil 100 ledige sommarjobbar. Arbeidet består mellom anna av nedvask og reinhald, maling, plenklipping, og anna vedlikehald av mellom anna dei vidaregåande skulane.

I tillegg til vaske- og vedlikehaldsjobbane er det og ledig enklare kontorjobbar, der søkarar med nedsett funksjonsevne blir prioritert.  

Tilbodet i år er ei dobling av talet på sommarjobbar i fylkeskommunen frå i fjor. Grunna pandemien er det ikkje like mange sommarjobbar tilgjengeleg i marknaden i år. Så her ligg alt til rette for at mange ungdommar i fylket kan få si første erfaring med både jobbsøking og arbeidslivet, som kan komme godt med i framtidaseier Ingrid Holm Svendsen, fylkesdirektør for organisasjon og økonomi. 

Treng inga erfaring

Alle som får tilbod om jobb må jobbe i minst to veker mellom 1. juni og 1. september, men for nokre av jobbane kan det vere aktuelt med ein lengre arbeidsperiode.  

Søkarar må vere over 16 år og snakke og forstå grunnleggande norsk. Tidlegare erfaring er ikkje naudsynt 

Les meir og søk jobb her