Mo og Øyrane vidaregåande skule/Om oss/Om skulen/Nøkkeltal

Nøkkeltal

Midt i Sogn og Fjordane i Førde kommune ligg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt, med ei avdeling på Mo og ei avdeling på Øyrane i Førde sentrum. Totalt har skulen om lag 180 tilsette og 480 elevar fordelt på 38 klassar.

Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Service og samferdsle, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk og industriell produksjon og Naturbruk. I tillegg har skulen pedagogisk ansvar ved ulike sosiale og medisinske institusjonar i Førde og ansvar for Oppfølgingstenesta i Indre Sunnfjord.