Avslutningsmiddag for vg2

Deltakarar på avslutningsmiddag. Kledd i bunadar og finklede

Tysdag 14. juni hadde Mo og Øyrane vidaregåande skule avslutningsmiddag for elevane på vg2.

Endeleg var det rom for avslutningsmiddag for vg2 elevane etter 2 år med pandemi. Det var 144 deltakarar påmeldt til markeringa. 

Elevar og lærarar ved vg1 Restaurant og matfag hadde laga god mat og fin servering og sette rammene rundt middagen. 

2BUAA stod for underhaldning og det vart talar til avgangselevane. Tusen takk til alle som deltok og gjorde markeringa så fin som den blei.