Besøk av El og IT forbundet

20220505_120705.jpg

vg2 klassane på Elektro- og datateknologi hadde i dag besøk av Øyvind Landsvik frå El og IT forbundet.

Han fortalte både om historien til fagforbund og kvifor det er viktig å ha arbeidstakarorganisasjonar. Elevane fekk vite kva rettigheiter dei har som arbeidstakar, både det som gjeld lovregulert og tariffregulert. I tillegg til kva plikter ein har som lærling og arbeidstakar. 

Tusen takk for besøket. Dette var nyttig.