Bruk av mellombelse lokale skuleåret 2022-2023

Mo+og+Øyrane+skulebygg.png

Bygginga av det nye skulebygget til nye Førde vidaregåande skule er godt i gang. På grunn av byggeprosessen må vi nytte mellombelse lokale for mange av elevgruppene våre.

Frå veke 42 vil deler av nybygget takast i bruk. Under finn du lenke til overordna plan for lokale som gjeld frå skulestart til haustferien, og lenke til overordna plan for lokale som gjeld frå veke 42. I tillegg til lokala som er med på planane vil vi fram til haustferien nytte klasserom og verkstader på Verftet (TIF). Vg2 køyretøy vil nytte lokale i Flovegen 2 gjennom heile skuleåret. Administrasjonen og elevtenesta på skulen er i Concord- bygget.

Oversikt over mellombelse lokale frå skulestart

Oversikt over mellombelse lokale frå veke 42