Skal du ta fag som privatist?

Foto som syner ein som sit og les til eksamen. Han sit bøygd over skrivepulten og har på seg grå gensar og briller. På bordet framfor seg har han fleire bøker, ei notatbok og ein pc. Foto: Stein Halvor Halvorsen, www.flickr.com

Skal du ta eksamen som privatist? Er du lærling eller praksiskandidat og skal ta skriftleg del av fagprøva? Du kan no melde deg til eksamen i fag frå vidaregåande opplæring

Det er mogleg å melde seg opp to gongar i året - om våren er fristen 1. februar og om hausten 15. september. Privatistportalen opnar 14 dagar før oppmeldingsfristen.

Privatistar skal betale eksamensavgift. I 2022 er prisen per eksamen:

  • 1217 kroner dersom du ikkje har bestått faget tidlegare
  • 2435 kroner dersom du har bestått same eller tilsvarande fag tidlegare

Du melder deg til eksamen og betaler eksamensavgifta på privatistportalen. Oppmeldinga er ikkje gyldig før du har betalt avgifta.

I nokre fag må privatistar ta meir enn ein eksamen. Det er ein fagkode for kvar eksamen. For å få faget godkjent må du ta alle eksamenane i faget.

Informasjon om dei ulike faga finn du her.

Dersom du ikkje finn faget du ønskjer å ta eksamen i på privatistportalen, må du ta kontakt med eksamenskontoret

 

Meir informasjon finn du på Vestland fylkeskommune sine heimesider