Endeleg kom det lys i skulpturen

Kunstverk svart T med blått lys

Skulpturen som står ved Førdehuset har vore mørklagt i 25 år. No har vg2 Datateknologi og elektronikk har reparert lyset i skulpturen.

Elevane i 2DELA ved skulen har teke på seg oppdraget med å reparere lysa i skulpturen som står ved Førdehuset. Skulpturen er laga av Nils Bruland og er ei gåve til kommunen frå Entreprenør. Det var opprinneleg lys i skulpturen då den var ny, men i mange år så har den vore mørklagt. No har elevane reparert lysa, slik at den igjen lyser på kvelden. 

Dei to rekkene lyser i morsekode for FH. 

 

Avisa Firda har skrive ein artikkel om saken.