Velkommen til utdanningsval veke 43

IMG_20211101_132455.jpg

Vi er glade for å kunne ønskje 10. klassingar velkomne til utdanningsval ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i veke 43, 24-25 oktober

Utdanningsval hausten 2022 er sett til 24-25. oktober. Elevar som skal hospitere på Bygg- og anleggsfag skal hospitere 24- 28. oktober

Mo og Øyrane vgs er under ombygging og skal slåast saman med Hafstad vgs til Førde vgs, så vi har opplæring på fleire lokalitetar for tida. Likevel håper vi de vil finne dåke vel til rette hos oss på dei ulike yrkesfaglege linjene, som vi tilbyr.  

Oppmøtestader mandag 24.oktober:

Elevar som skal på Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag og Elektro- og datateknologi møter utanfor Concordbygget kl 08:20

Elevar som skal på Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag og Sal, service og reiseliv møter i auditoriet på Concord kl 08:20

Elevar som skal hospitere på Naturbruk møter på Mo, i Hallen ved sida av kantina, kl 08.20. 

 

Dag 2/tysdag, møter elevane etter avtale i dei ulike programområda for opprop

Elevar som vitjar avdelingane BA(bygg og anleggsteknikk) og TIF, vil få låne arbeidstøy og sko.  

 Vi oppmodar at elevane tar med seg niste.

På vegne av skulen, lærararar og elevar ynskjer vi dykk vel møtt. 

De kan ta kontakt med Rådgjevar Inger Helen Savland om det er noko som er uklart eller de har tilleggsinformasjon som de vil formidle.