Det du treng å vite...

Skulebygg

Ekspedisjon:

På Mo og Øyrane vidaregåande skule er det to skulestader, ein på Øyrane i Førde sentrum og ein skulestad på Mo. Administrasjon på Øyrane finn du i A-blokka og administrasjonen på Mo finn du i resepsjonen.

Ekspedisjonen på skulen er open måndag - fredag kl. 08.00 - 15:10. I skranken på Øyrane  møter du Solfrid. I skranken på Mo finn du Inger Johanne. 

Kvar finn du oss

Adressa til skulen vår skulestad Øyrane er Naustdalsvegen 12. Den ligg i utkanten av Førde sentrum det tar berre 5 minuttar å gå til skulen frå Førde rutebilstasjon. Adressa til skulestad Mo er Movegen 30 og ligg 11 km frå Førde sentrum, retning Jølster. 

Gardsutsalet på Mo

Skulen har eige gardsutsal, der du kan få kjøpt ulike varer som er produsert ved Naturbruk på Mo. Meir om opningstidene til gardsutsalet

Toppidrett.jpg

Tilsette ved skulen

Vi har meir enn 180 tilsette på skulen vår. Rektor Liv Horvei har vore tilsett sidan 2010. Prosjektrektor for Førde vgs er Mats Bryne, som har vore tilsett sidan 2020.

Dette synes vi er viktig

Vi jobbar for eit godt og inkluderande skulemiljø. Draumeskulen er ein viktig del av arbeidet med å skape eit godt skulemiljø for våre elevar.  

Tilgjenge

På nettsida til Bygg for alle kan du lese om korleis tilgjenge til skulen er.

Skulen sin historie

Skulen vår har vore i drift sidan 1968. Sidan den gong er den bygd på og modernisert fleire gonger. Meir om skulen sin historie