Hopp til hovedinnhold

Gardsutsal

Bilete viser fleire  elevar som held kranser i hendene

Ved gardsutsalet på Mo tilbyr vi lokalproduserte grønsaker, sommarblomar, grønsaksplanter, kjøtprodukt og egg av god kvalitet i gardsbutikken vår.

Vi er ei bedrift på Mo og Øyrane vidaregåande skule, der elevane tar del i produksjonane. Her dyrkar og foredlar vi lokalmat som er sunn og bra for miljøet. I gardsbutikken finn du eit breitt utval av grønsaker av god kvalitet i sesongen juni til desember. Vi dyrkar også økologiske grønsaker (debio-godkjent). Kjøt og fiskeprodukt blir foredla her i eige foredlingsanlegg og egg kjem i frå fjøset på garden. Vi har også gartneri der vi produserer eit stort utval sommarblomar, grønsaksplanter og julestjerner for ein kvar smak

Opningstider

Mandag: 12-16

Tirsdag: Stengt

Onsdag: 12-16

Torsdag: Stengt

Fredag: 12-16.30

 

På Facebook finn du meir informasjon, som kva som er til sals i periodane. 

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om produkt eller om gardsutsalet: 

Du når Ingvil Ness Tretteteig - driftsleiar gartneri på tlf.:

415 30 701 eller 948 11 771.