mms_img901226677 1024x768

På elgjakt i Sverige

3LAA har vore på elevutveksling på Ösby Västmanlands Naturbruksgymnasium i Sverige i veke 43.

Målet med elevutvekslinga er kunnskap om jakt og viltstell, samt jord-, skogbruk og husdyrhald i Sverige. I tillegg er kultur og språkforståing eit viktig mål med utvekslinga. 

Dei to første dagane på Ösby var det elg- og rådyrjakt. Først var det ei grundig innføring i svensk elgjakt med fordeling av oppgåver. Elevane med gevær vart plassert på post, mens resten var med å jage elg mot postane. Elevane frå Mo fekk ikkje elg, men dei felte tre rådyr.

mms_img1104538606 1024x768.jpg

Elgoksen vart felt av det svenske jaktlaget dagen etter at jakta for elevane var avslutta. Dei to siste dagane av opphaldet vart brukt til undervisning i jord og husdyrhald med ei økt i husdyravdelinga og ei økt med køyring av hogstmaskin. I tillegg var det besøk i Visentparken (europeisk bison) og «landskamp» mellom Norge og Sverige i luftgeværskyting, der svenskane stakk av med sigeren.

i0000010 1024x768.jpg

Under returen til Norge vart det motorstopp med minibussen i Lærdal, og siste del av heimreisa var i maksitaxi.  

Elevane er godt nøgd med eit variert og godt innhald, sjølv om det vart litt venting innimellom. I 2017 blir også byggfagelevar med på elevutvekslinga.

mms_img-613339895 1024x768.jpg

 

mms_img1968220019 1024x768.jpg