Mo og Øyrane vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Rådgjeving

Elevtenesta ved Mo og Øyrane vidaregåande skule

Skulen har for skuleåret fem tilsette i Rådgjevingstenesta, med tre rådgjevarar, rådgjevar for tilpassa opplæring og miljøkoordinator. I tillegg til støtte frå OT, NAV kontakt, PPT og Helsetenesta. Desse vil kunne gi deg rettleiing om yrkesval og karriære, sosiale problem, tilrettelegging eller personlege vanskar.

Arbeidsfelta for Elevtenesta:

Karriereplanlegging: Informasjon og rettleiing om yrke og utdanning

Vidaregåande opplæring (VIGO)

Elevane får i samarbeide med kontaktlærar informasjon og rettleiing i høve val av studieretning, linje og fag. Elevar som skal halde fram i vidaregåande skule, får rettleiing og hjelp til å søkje Vigo på internett. Vilbli gir nyttig informasjon om vidaregåande opplæring.

Hospitering for 9. og 10. klasse

Skulen tek imot elevar til hospitering som ein del av grunnskulen sitt fag "utdanningsval". Elevane får prøve ut to ulike programområde, eit om våren i 9. kl. og eit om hausten i 10. kl. Hospiteringa går over to dagar.

Fagutdanning og studieførebuande

Elevar som avsluttar vidaregåande skule og skal søkje fagutdanning eller studieførebuande får i samarbeid med kontaktlærar, informasjon og rettleiing om utdanning og yrkesval.

Rådgjeving på nett

Skulen kan gi tilbod om rådgjeving på nett. Elevane kan rette spørsmål til ein av rådgjevarane. Skulen har også utarbeidd ei lenkesamling til elevane. Jf. under.

Sosialpedagogisk rådgiving

Er å gje råd og hjelp dersom du har personlege og sosiale vanskar. Å gje råd og hjelp når du har vanskar med skulearbeidet. Å formidle kontakt med andre institusjonar og spesialistar om du treng det. Skulen har også helsesøster på plass fleire dagar i veka. 

Velkomen til INFO-TORGET ved Mo og Øyrane vidaregåande skule

Her kan du finne informasjon om yrke og utdanning (YoU). Ved å klikke på lenkene under, kjem du rett inn på aktuelle nettsider, som gir informasjon om fag, studium og lærestader, samt studiefinansiering. Dersom du ønskjer å gjennomføre yrkes- og interessetest, ligg det og lenker til dette.

Generell info om yrke og utdanning:

Vidaregåande opplæring

Ny struktur i vidaregåande opplæring ”Kunnskapsløftet”: www.vilbli.no

Høgare utdanning — Universitet/høgskule

  • www.samordnaopptak.no Gir informasjon om opptak til høgare utdanning i Noreg, oversikt over studium og lærestader, reglar i høve opptak, poenggrenser m.m.
  • www.skoletest.no Gir info om fag og lærestader i Noreg.
  • www.studenttorget.no Er Noreg sin største studentportal - nyttig informasjon og tenester for alle som studerer eller skal til med studiane.
  • www.studievalg.no Skuleoversikt for utdanning i Noreg og utlandet.
  • www.studentum.no Skuleoversikt for utdanning i Noreg og utlandet.

Jobb/utdanning i utlandet

Desse lenkene gir info om høgare utdanning i dei fleste land; utdanningssystem, søknadsprosedyrer, godkjenning, finansiering, visum, opphaldsløyve, sjukeforsikring, butilhøve-og moglegheiter, adresser og lenker:

Andre utdanningar

Finansiering

Yrkes- og interessetestar

Kontakt

Inger Helen Savland Røyseth

Rådgjevar Øyrane

Karriere og sos.ped. rådgjeving

Inger Helen Savland Røyseth

Inger.Helen.Savland.Royseth@sfj.no

91 16 69 01

Kontortid: onsdag - fredag

Støfring, Jostein Skår.jpg

Rådgjevar Mo
Karriere og sos.ped. rådgjeving

Jostein Skår Støfring

jostein.skar.stofring@sfj.no

415 53 958 / 57 65 64 73

Kontortid Mo: Tysdag kl. 08.00-11.30

Relaterte lenker