
Bilete: Det er tatt utg.punkt i eit foto frå Folkehelseinstituttet
Raudt smittenivå for vidaregåande skular
Fylkesdirektøren har sendt ut SMS til alle elevar i Vestland om at regjeringa har bestemt at alle vidaregåande skular frå og med mandag 4.januar er vurdert til raudt smittenivå.
Dette betyr at alle elevar i Vestland skal ha heimeundervisning inntil det vert gjeve beskjed frå skulen om fysisk frammøte. Ein overgang til raudt nivå inneber at skulen må gjere vurderingar i høve nytt smittenivå. Leiinga og lærarane treng noko tid til å førebu tiltaka slik at me imøtekjem pålegga og slik også bidreg til å hindre smittespreiing. Elevar vil så snart som mogeleg få nærare beskjed om korleis undervisninga vert organisert framover.
I tillegg gjeld følgande:
- Det vert også digital undervisning/heimeundervisning for elevar som bur på hybel. Dersom elevar ikkje har tilgang til nett, kan dei møte på skulen. Her er det viktig å halde avstand.
- Elevar som er i praksis i bedrift held fram som planlagt dersom ikkje praksisbedrifta seier noko anna. Elevane held seg til bedrifta og bransjen sine smittevernreglar.
- Elevar som har behov for å hente bøker og liknande på skulen, vil få høve til dette.
- Bussar går som normalt.
- Vaksenopplæringa har også heimeundervisning.
- Kombinasjonsklassen har også heimeundervisning.