Mo og Øyrane vidaregåande skule
Lærarar på skulehestane ved inngangen til ridehallen

Ridehallen klar for undervisning

Tysdag 5. november fekk Mo midlertidig bruksløyve på den nye ridehallen på Mo.

Det vart markert med at dei to hestane, som har vore skulehestar lengst ved skulen, fekk være dei to første som slapp inn i ridehallen. Hestane heiter Bergablakken og Finslands Norgrima (best kjend som Tulla). Ryttarane er dei to hestelærarane Ove Natland og Harald Løtuft.

Dette er ein stor dag for både elevar og tilsette ved skulen. Hestelinja har no fått eit etterlengta løft i kvaliteten på undervisninga. Spesielt vil nok dette verte merkbart no når vi går inn i den kalde årstida.  

 

Elevar i ridehallen på Mo

Bergablakken og Tulla.jpg

Tips ein ven Skriv ut