Mo og Øyrane vidaregåande skule
skilt med teksten Eksamen

skilt med teksten Eksamen

Skal du melde deg til privatisteksamen?

Skal du ta eksamen som privatist? Er du lærling eller praksiskandidat og skal ta skriftleg del av fagprøven? Du kan melde deg til eksamen i fag frå vidaregåande opplæring. Frist for oppmelding vår 2021 er 1.februar. 

Det er mogleg å melde seg opp to gongar i året - om våren er fristen 1.februar og om hausten 15.september. Privatistweb opnar 14 dagar før oppmeldingsfristen. 

Privatistar skal betale eksamensavgift. I 2021 er prisen pr. eksamen: 

  • 1186 kroner dersom du ikkje har bestått faget tidlegare
  • 2373 kroner dersom du har bestått same eller tilsvarande fag tidlegare. 

Du melder deg opp til eksamen og betaler eksamensavgifta på privatistweb. Oppmeldinga er ikkje gyldig før du har betalt avgifta. 

I nokre fag må privatistar ta meir enn ein eksamen. Det er ein fagkode for kvar eksamen. For å få faget godkjent må du ta alle eksamenar i faget. 

Informasjon om dei ulike faga finn du her

Dersom du ikkje finn faget du ønskjer å ta eksamen i, på privatisweb, må du ta kontakt med eksamenskontoret. 

Meir informasjon om eksamen for privatistar finn du på Vestland fylkeskommune sine heimesider