Mo og Øyrane vidaregåande skule/Elev og føresett/Praktisk informasjon/Skuleskyss

Skyleskyss

Du har rett på gratis skuleskyss etter opplæringslova dersom:

  • avstanden mellom heim og skule er 6 km eller meir. Avstanden gjeld kortaste gangbare veg mellom heim og skule
  • du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom heim og skule
  • det er nødvendig med båt eller ferje, utan omsyn til avstanden mellom heim og skule
  • du går på skule i eit anna fylke og elevplassen er kjøpt av Sogn og Fjordane fylkeskommune

Du kan bli pålagd å gå inntil 4 km frå heim til haldeplass.

Nytt skyssreglement for vidaregåande gjeldande frå 2015.

Relaterte lenker

For å finne bussruter og rutetider sjå kringom.no