Mo og Øyrane vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Internasjonalisering/Solidarity
Ntchisi besøk

Ntchisi besøk

Mo og Øyrane VGS og Ntchisi Secondary School

Sidan 2008 har Øyrane vgs. hatt ein venskapsskule i Malawi, Ntchisi secondary school. Dette var eit resultat av eit arbeid som elevrådet sette i gang. Elevane ønska å følgje eit prosjekt over lenger tid enn OD prosjekta og får sjå at arbeidsinnsatsen dei la ned kom andre til gode.

Samarbeidet går ut på at elevar ved Øyrane vgs. skal hjelpe elevane ved Ntchisi secondary school til å få ein betre skulekvardag. Eit anna mål er også å lære om andre kulturar og å skape gjensidig forståing. Dette vert gjort gjennom besøk mellom venskapsskulane.
 

Våren 2008

For første gang reiste to elevar og lærarar til Ntchisi. Her vart venskapsavtala mellom dei to skulane underskriven. Våren 2009 fekk Øyrane vgs. besøk av rektor og to elevar frå Ntchisi secondary school. Under dette besøket hadde vi fokus på elevdemokrati og utveksling av erfaringar rundt dette. 

Rektor, to lærarar og to elevar reiste igjen på besøk til Ntchisi, våren 2010

Under dette besøket vart det skrive avtale om bygging og forbetring av dei sanitære tilhøva ved skulen i Ntchisi. Hausten 2010 var dette arbeidet ferdigstill, og elevar og lærarar ved Ntchisi secondary school har fått betre toalettilhøve, betre tilgang på vatn, og ein tryggare skuleplass.
 

Våren 2011 fekk Øyrane på nytt besøk av rektor og to elevar frå Malawi

Under dette besøket var det også besøk på dei ulike avdelingane, med fokus på yrkesfag. Det vart også underskrive avtale om utbetring av internettilhøva ved Ntchisi secondary school. Elevane ved Øyrane vgs. skal bidra med å sikre det vert lagt ned nettverkskablar til internett ved skulen i Ntchisi. 

Rektor, ein lærar og tre elevar reiste på nytt besøk til Ntchisi Secondary school, våren 2012

Her fekk vi sjå resultata av fleire års samarbeid. Under dette besøket fekk representantane sjå at skulen hadde fått utbetra dei sanitære forholda. Vasstankane var ferdig montert og dei hadde fått installert internett på skulen. Det blei signert ein avtale om å bygge internat for jentene på skulen. Dette er svært viktig for skulen, då jentene no bur på eit klasserom.
 

Rektor, ein lærar og to elevar frå Ntchisi kom på besøk til Øyrane VGS våren 2013

Denne gongen fekk også gjestene besøke alle avdelingar. Gjestene fekk også besøke dei to andre vidaregåande skulane i Førde kommune. I tillegg fekk dei møte representantar ved Førde kommune. Dette året vart det tid for å fornye venskapsavtalen mellom dei to skulane, noko som gjer at prosjektet vil fortsette. Vi jobbar for å få sett opp jenteinternatet og i neste omgang få utbetra kjøkkenfasilitetar ved skulen.

 

 

ØYRANE SECONDARY SCHOOL AND NTCHISI SECONDARY SCHOOL

Since 2008 has Øyrane Secondary school had a friendship school in Malawi, Ntchisi secondary school. This is a result of work that the student council started. The students wished to follow a project over a longer time period than the OD projects, and to see the result of the work effort they did had a positive outcome for others.
 

In the spring of 2008 , two students and teachers travelled to Ntchisi for the first time

Here the friendship agreement was signed. In the spring of 2009 the headmaster and two students from Ntchisi secondary school visited Øyrane. The focus during this visit was student democracy and exchange of experiences with this.
 

The headmaster, two teachers and two students again travelled to Ntchisi, in the spring of 2010

During this visit an agreement was signed to better the sanitary conditions at school in Ntchisi. Under the autumn of 2010 this work was completed, and students and teaches at Ntchisi secondary school has gotten better sanitary facilities, better access to water, and a safer school yard.

 In the spring of 2011 Øyrane yet again was visited by the headmaster and two students from Malawi

During this visit they also visited the different departments at the school, with a focus on the vocational subjects. It was also signed an agreement to better the internet facilities at Ntchisi secondary school. The students at Øyrane secondary school will contribute to secure that there will be laid down network cables for internet at the school in Ntchisi. 

The Headmistress, one teacher and three students traveled to Ntchisi Secondary School again in the spring of 2012

Here we got to see the results of many years of cooperation. During this visit the representatives got to see how the school’s sanitary conditions had been bettere. The water tanks were mounted and the Internet was installed at the school. It was signed a new agreement to build a girls’ hostel at the school. This is very important for the girls, as they currently are staying in a classroom. 

In the spring of 2013 the Headmaster, one teacher and two students from Ntchisi Secondary School visited Øyrane Upper Secondary School

Also during this visit the guests visited all the departments at the school. The guests also visited the two other upper secondary schools in Førde municipality. They also visited the representatives in the municipality. This year we worked on renewing the friendship agreement between the two schools, something which means that the project will continue. We are now working on constructing the girls’ hostel and the next step is to better the kitchen facilities at Ntchisi Secondary School.